← Alle nyheter og hendelser for FYRESDAL KOMMUNE

Offentlig kontrakt

Rulle- og aktivitetspark ved Gimle skule

2026-10-03

Fyresdal kommune skal etablere ein rulle- og aktivitetspark ved Gimle skule. Anskaffinga blir gjennomført som ein samspelsentreprise i to fasar. Fase 1 omfattar vidareutvikling av forstudiet, nødvendige tekniske undersøkingar, forprosjekt, medverknad, kostnadskalkyle, finansieringsgrunnlag og målpris. Fase 2 er ein opsjon og omfattar detaljprosjektering og bygging som totalentreprise etter NS 8407. Det rettleiande konseptet omfattar eit aktivitetsområde på om lag 3 600 m² med plasstøypt betongskatepark på om lag 850 til 900 m², pumptrack, trampolineområde, calisthenics, bordtennis, gapahuk, møteplassar, landskap, gangareal og nødvendige grunn- og dreneringsarbeid. Heile programmet skal utviklast og prisast i fase 1. Kommunen kan bruke nærmare angitte fradragsopsjonar dersom finansieringa gjer dette nødvendig.

Kilde: Doffin ↗

Rati sammenstiller offentlige signaler og har ikke kontrollert innholdet hos kilden. Rati er ikke avsender av eksterne nyheter.

OM BEDRIFTEN

FYRESDAL KOMMUNE

Se hele bedriftsprofilen på Rati →