← Alle nyheter og hendelser for GLOPPEN KOMMUNE

Offentlig kontrakt

Allmenn taksering av eigedomar for eigedomsskatt 2028

2026-09-18

Generell beskriving Gloppen kommune har vedteke ny allmenn taksering av næringseigedomar, våningshus og fritidsbustader etter eigedomsskattelova § 8 A-3 andre ledd. Kommunen har hatt eigedomsskatt på all fast eigedom sidan 2006. Anskaffinga gjeld informasjonstenester og taksering av eigedomar for utskriving av eigedomsskatt i 2028. Det vert bede om tilbod på taksering av eigedomsskatteobjekt i 2027. Takseringa skal gjennomførast etter eigedomsskattelova § 8 A-3 fjerde ledd, der takstnemnda vedtek takstane etter forslag frå takseringsfirmaet. Estimert kontraktsverdi er 2 000 000 kroner. Oppdragsgjevar tek atterhald om avlysing dersom konkurransen fører til vesentleg kostnadsauke samanlikna med budsjettet. Det er ikkje høve til å gje deltilbod. Alternative tilbod vert ikkje aksepterte. Oppdraget skal vere ferdigstilt innan 16.11.2027. Reglar for gjennomføring av konkurransen Anskaffinga vert gjennomført etter lov om offentlege anskaffingar og forskrift om offentlege anskaffingar del I og II, som open tilbodskonkurranse, jf. forskrifta § 8-3. Oppdragsgjevar tek sikte på å tildele kontrakt utan dialog, utover eventuelle avklaringar og rettingar, men kan gjennomføre dialog dersom dette vert vurdert som tenleg. Tilbydarane må difor levere sitt beste tilbod. Oppdragsgjevar nyttar Hyyr som konkurransegjennomføringsverktøy, og anskaffinga vert kunngjord på Doffin. All kommunikasjon skal skje via Hyyr, www.hyyr.no. Spørsmål og svar vert gjorde tilgjengelege for alle interesserte tilbydarar, og spørsmålsstillar vert anonymisert. All kommunikasjon skal vere skriftleg og på norsk. Tilbydarane bør melde frå i god tid før tilbodsfristen dersom dei oppdagar uklarheiter, feil, manglar eller forhold dei ikkje kan akseptere i konkurransegrunnlaget. Oppdateringar, endringar og tillegg vert formidla til alle som har meldt interesse. For innsyn gjeld offentleglova. Oppdragsgjevar pliktar å hindre innsyn i opplysningar som er underlagde teieplikt, jf. forskrift om offentlege a

Kilde: Doffin ↗

Rati sammenstiller offentlige signaler og har ikke kontrollert innholdet hos kilden. Rati er ikke avsender av eksterne nyheter.

OM BEDRIFTEN

GLOPPEN KOMMUNE

Se hele bedriftsprofilen på Rati →