← Alle nyheter og hendelser for GLOPPEN KOMMUNE
Offentlig kontrakt
Rammeavtale for brannteknisk rådgjeving
2026-09-18
Bakgrunn Gloppen kommune v/eigedomsavdelinga har behov for ei rammeavtale for brannteknisk rådgjeving. Fleire kommunale bygg manglar heilt eller delvis oppdatert brannteknisk dokumentasjon, og kommunen har difor behov for systematisk kartlegging, vurdering og prioritering av vidare arbeid. Kommunen treng dokumentasjon til bruk i drift, forvaltning og ved tilsyn. Det er særleg behov for oppdaterte brannteikningar, orienteringsplanar og rømningsplanar, samt vurdering av status og eventuelle manglar i eksisterande dokumentasjon. Føremålet med anskaffinga er å sikre tilgang til fagleg kompetanse som kan levere einsarta, tydeleg og oppdatert dokumentasjon for dei bygga kommunen peikar ut i avtaleperioden. Beskriving av oppdraget Oppdragsgivar ønskjer å inngå rammeavtale med éin leverandør om branntekniske rådgjevingstenester for kommunale bygg. Oppdraget omfattar utarbeiding og oppdatering av brannteknisk dokumentasjon der denne heilt eller delvis manglar. Leveransane vil variere frå bygg til bygg og kan mellom anna omfatte tilstandsanalyse, brannteikningar, orienteringsplanar og rømningsplanar. For enkelte bygg kan det òg vere aktuelt med planteikningar, som skal prisast som opsjon. Kvar bestilling skal spesifisere kva leveransar som skal utførast. Ved kvart avrop skal leverandøren bidra til å avklare behov og omfang, og utarbeide ein handlingsplan med prioritert gjennomføring og tilhøyrande kostnadsoverslag. Dokumentasjonen skal vere enkel, tydeleg, oppdatert og tilpassa kommunen si vidare forvaltning og oppfølging. Reise- og opphaldskostnader skal gå tydeleg fram av tilbodet og haldast på eit nøkternt og føreseieleg nivå. Desse skal være inkludert i prisen som vert gitt i tilbodet. Rammeavtalen har ei varigheit på eitt år, med opsjon på forlenging i eitt år. Avrop skjer etter behov, og avtalen inneber ikkje kjøpsplikt. Standard leveringsfrist er tre månader per avrop, dersom ikkje anna er avtalt. Omfang Anskaffinga er estimert til 1 500 000 kr ekskl. mva.
Kilde: Doffin ↗
Rati sammenstiller offentlige signaler og har ikke kontrollert innholdet hos kilden. Rati er ikke avsender av eksterne nyheter.
OM BEDRIFTEN