← Alle nyheter og hendelser for IKT VALDRES IKS
Offentlig kontrakt
Eigedomsskatt - Øystre Slidre kommune – Ny allmenn taksering
2026-10-19
Øystre Slidre kommune inviterer til open tilbodskonkurranse om tenester knytte til ny allmenn taksering for eigedomsskatt. Oppdraget omfattar bistand til gjennomføring av allmenn taksering av eigedomar i kommunen med verknad frå 2028. Anskaffinga er delt i to delkontraktar: Del 1: Fagleg bistand til allmenn taksering, inkludert etablering og kalibrering av takseringsmodell, prøvetaksering, opplæring, kvalitetssikring, stikkprøvekontroll, taksering av særskilde eigedomar samt bistand ved offentleg ettersyn og klagehandsaming. Del 2: Taksering av energianlegg og kraftnett som inngår i kommunen sitt eigedomsskattegrunnlag, inkludert dokumentasjon, kvalitetssikring og bistand ved offentleg ettersyn og klagehandsaming. Tilbydar kan gi tilbod på éin eller begge delkontraktane. Delkontraktane vert evaluerte og tildelte kvar for seg. Oppdraget skal gjennomførast i nært samarbeid med kommunen, sakkunnig takstnemnd og eigedomsskattekontoret.
Kilde: Doffin ↗
Rati sammenstiller offentlige signaler og har ikke kontrollert innholdet hos kilden. Rati er ikke avsender av eksterne nyheter.
OM BEDRIFTEN