← Alle nyheter og hendelser for KINN KOMMUNE
Offentlig kontrakt
Intensjonskunngjøring – mellombels renseanlegg for avløp i Gunhildvågen
2026-09-17
Kommunen vurderer at vilkåra for anskaffing utan konkurranse etter forskrift om offentlege anskaffingar § 13-4 bokstav b nr. 2 og nr. 3 er oppfylte. Grunnlaget er at konkurranse etter kommunens vurdering er umogleg av tekniske årsaker, og at den aktuelle løysinga er knytt til immaterielle rettar, samtidig som kommunen gjennom marknadsundersøkinga ikkje har identifisert rimelege alternative løysingar som kan oppfylle det samla behovet. Dei tekniske forholda kommunen har lagt vekt på, er særleg: - dokumentert reinseeffekt og ytelse - nødvendig kapasitet innanfor det svært avgrensa arealet - nødvendig installasjons- og mobiliseringstid - den tekniske metoden som gjer det mogleg å kombinere kapasitet og kompakt utforming. Kommunen har vurdert alternative teknologiar og leverandørar, men har ikkje identifisert andre løysingar som kan dekke behovet på ein rimeleg måte under dei faktiske forholda på staden. Mangelen på konkurranse skuldast etter kommunens vurdering ikkje at kommunen sjølv har utforma krava med sikte på å favorisere ein bestemt leverandør eller teknologi. Krava følgjer av objektive og faktiske forhold på staden, særleg tilgjengeleg areal, nødvendig reinsekapasitet og behovet for å få etablert ei fungerande løysing innan nødvendig tid. Tidskritikaliteten er ikkje nytta som eit sjølvstendig rettsleg unntaksgrunnlag for anskaffinga. Den inngår som ein del av dei faktiske forholda som fastset kommunens reelle og objektive behov, og som inneber at levering, installasjon og idriftsetting innan nødvendig tidsramme er ein sentral del av den tekniske vurderinga.
Kilde: Doffin ↗
Rati sammenstiller offentlige signaler og har ikke kontrollert innholdet hos kilden. Rati er ikke avsender av eksterne nyheter.
OM BEDRIFTEN