← Alle nyheter og hendelser for LÆRDAL KOMMUNE
Offentlig kontrakt
Planfagleg bistand til områderegulering for flaumsikring av Lærdalsøyri
2026-10-19
Bakgrunn Lærdalsøyri er kommunesenteret i Lærdal kommune, og er utsett for flaum frå Lærdalselvi. Lærdal kommune skal i samarbeid med Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) utarbeida ein områdereguleringsplan for heilskapleg flaumsikring av Lærdalsøyri. Lærdal kommune er oppdragsgjevar og ansvarleg for utarbeiding av reguleringsplanen. Multiconsult har på oppdrag frå NVE utarbeidd ein moglegheitsstudie for heilskapleg sikring av Lærdalsøyri mot flaumhendingar i Lærdalselvi. Studien viser at det er mogleg å sikra Lærdalsøyri mot flaum, men at dette krev omfattande tiltak på begge sider av elva over eit større geografisk område. Tiltaka må planavklarast før dei kan prosjekterast og gjennomførast. Det aktuelle planarbeidet omfattar ikkje berre sjølve sikringstiltaka, men også areal som er nødvendige for tilkomst, bygging, rigg, drift, tilsyn og framtidig vedlikehald. Planarbeidet må ta omsyn til eksisterande busetnad, næringsverksemd, landbruk, infrastruktur, landskap, naturverdiar, kulturmiljø og andre interesser innanfor og i nærleiken av planområdet. Det er utarbeidd eit planprogram for områdereguleringa. Planprogrammet var på høyring og offentleg ettersyn i perioden 22.10.-21.12.2025, og blei fastsett av kommunestyret 10. september 2026. Det fastsette planprogrammet legg føringar for planprosessen, medverknaden, alternativa som skal vurderast og konsekvensutgreiast samt utgreiingsarbeidet som skal gjennomførast. Planarbeidet skal gjennomførast i nært samarbeid mellom Lærdal kommune, NVE, leverandøren og andre relevante styresmakter og interessentar. Føremålet med oppdraget Føremålet med oppdraget er å få fagleg bistand til å utarbeida ein komplett områdereguleringsplan for heilskapleg flaumsikring av Lærdalsøyri. Områdereguleringsplanen skal: Avklara arealbruken for aktuelle flaumsikringstiltak Sikra nødvendig areal for etablering, tilkomst, bygging, rigg, drift og vedlikehald av tiltaka Avklara forholdet til eksisterande og planlagd arealbruk Vurd
Kilde: Doffin ↗
Rati sammenstiller offentlige signaler og har ikke kontrollert innholdet hos kilden. Rati er ikke avsender av eksterne nyheter.
OM BEDRIFTEN