← Alle nyheter og hendelser for SOGNDAL KOMMUNE
Offentlig kontrakt
Møbel til nye Trudvang skule
2026-11-24
Bakgrunn og formål Ny barneskule og SFO blir dimensjonert for 700 elevar og om lag 70 tilsette pluss fasilitetar for drift og reinhald. Elevane er fordelt på 17 klassar i trinn 1-4 og 13 klassar i trinn 5-7. Prosjektet er delt i to byggetrinn. Byggetrinn 1 er planlagt til å vere ferdig 01. juli 2027 og inkluderer trinnareal til 1-4. trinn, SFO, kjøkken, bibliotek og administrasjonsareal med kontorfløy og pauseareal.. Byggetrinn 2 er planlagt til å vere ferdig desember 2028 og inkluderer trinnareal 5.-7. trinn, samt fleksavdeling, spesialrom, fellesareal og idrett. Byggetrinn 1 er indikert med gul farge på vedlagte teikningar. Det er tenkt gjenbruk av eksisterande møbel i så stor grad som hensiktsmessig. Men det er også behov for nye møbel, særleg møbel som understøtter den pedagogiske visjonen til skulen. Denne anskaffinga gjeld behov for møbel til byggetrinn 1. Anskaffinga inkluderer også opsjon på møbel til byggetrinn 2. Visjonen Visjonen for det nye skulebygg i Sogndal kan godt illustrerast med eit sitat frå samskapingsmøte om nytt skulebygg. "Ingen må gå aleine", elev 2. klasse Det nye skuleanlegget i Sogndal sentrum er ei stor investering i born og unge sitt oppvekstmiljø. Gjennom dei neste 60 åra skal born som veks opp i Sogndal starte skulegangen sin på denne skulen. På skulen skal borna få opne opp dører mot verda og framtida, dei tilsette skal ha ein arbeidsplass som legg til rette for å kunne bidra til borna si utforskartrong. Skuleområdet skal vere eit nærområde som blir nytta til leik og sosiale aktivitetar, også utanfor skuletida. Inventaret skal understøtte dei pedagogiske ambisjonane i prosjektet, visjonen for den nye skulen og intensjonane i læreplanane. Samstundes skal anskaffinga ha høg miljøambisjon og omfatte vurdering og gjenbruk av eksisterande møblar og inventar der det er pedagogisk, funksjonelt og økonomisk forsvarleg.
Kilde: Doffin ↗
Rati sammenstiller offentlige signaler og har ikke kontrollert innholdet hos kilden. Rati er ikke avsender av eksterne nyheter.
OM BEDRIFTEN