← Alle nyheter og hendelser for STRANDA KOMMUNE

Offentlig kontrakt

Vintervedlikehald Stranda kommune - rode 101

2026-09-14

Stranda kommune lyste i 2025 ut konkurranse om vintervedlikehald av kommunale vegar i Stranda kommune. Denne konkurransen gjeld ny kunngjering av ein av delkontraktane (rode 101 Stranda, Storgjerde/Langlo/Jakob). Vintervedlikehaldet omfattar desse oppgåvene: • snøbrøyting • snørydding • strøing av salt og grus • fresing • beredskap i perioden frå 15. oktober til og med 15. april Vintervedlikehaldet gjeld ikkje brøyting av private vegar, då det vart vedtatt i Kommunestyret 30.04.25 at kommunen skulle avvikle ordninga med brøyting av private vegar. Det gjeld likevel nokre unntak for brukarar med vedtak om heildøgns omsorg etter helse- og omsorgslova, og brukarar som treng tenesta av andre vektige helsemessige eller sosiale grunnar. For krav til gjennomføring av tenesta, sjå vedlegg 2 Kravspesifikasjonen. Avtalen varer i 2 brøytesesongar, med opsjon på å forlenge i 1+1 sesong, slik at samla avtaleperiode er ca. 3,5 år. Estimert årleg verdi for rode 101, basert på kjøp av tenester i sesongen haust 2025 - vår 2026 er ca. NOK 400 000. Samla verdi er ca. 2,0 MNOK over heile avtaleperioden. Samla verdi for brøytekontraktene som denne roden er ein del av, er ca. 20 MNOK over heile kontraktperioden.

Kilde: Doffin ↗

Rati sammenstiller offentlige signaler og har ikke kontrollert innholdet hos kilden. Rati er ikke avsender av eksterne nyheter.

OM BEDRIFTEN

STRANDA KOMMUNE

Se hele bedriftsprofilen på Rati →